Vervekampanje i Biologisk-dynamisk Forening

Biologisk-dynamisk Forening set no i gong ein vervekampanje, og vi vil trekke ut 3 heldige vervarar som kan vinne boka «Et levende mangfold». Vervekampanjen varer frå 25.mai – 1.juli.

Biologisk-dynamisk Forening arbeider for ein livskraftig jordbrukskultur basert på biologisk dynamiske prinsipp, som samarbeider med og fremjer mangfaldet i naturen og gir ernæring av høg kvalitet. Som medlem i Foreninga får ein tilsendt Herba – tidsskrift for jordbruk, ernæring, natur og kultur tre gonger i året.

Ordinært medlemskap 2012 inkl. magasinet Herba: kr 450
Studentmedlemskap 2012 inkl. magasinet Herba: kr 350

 

For at du skal bli registrert som vervar, må den som melder seg inn via denne linken notere ditt namn i kolonna «Andre opplysninger».

Dei heldige vinnarane av boka «Et levende mangfold- om biodynamisk jord- og hagebruk» vil bli kontakta av Foreninga 2.juli.

 

Les bokanmeldelse av Et levende mangfold – om biodynamisk jord- og hagebruk her