Garden som utdanningsarena

Ved Universitet for miljø- og biovitenskap (UMB) har det dei siste 15 årene gått føre seg eit kontinuerleg pedagogisk utviklingsarbeid i skjæringsfeltet mellom grunnskulen og naturbruket. Gjennom prosjekta ’Levande skule (1996-2000)’ og ’Gården som pedagogisk ressurs (2000-2010)’ har det blitt utvikla eit stort tal på strukturerte læringsarenaer i tilknytying til hagen, garden, skogen, utmarka, fjorden og fjellet – alle forankra og integrert som del av lokale læreplanar. Utviklingsprosjekta har gått føre seg både i nasjonal og regional skala, støtta av kompetansegivande kurs for lærarar og bønder. Prosjektet «Garden som utdanningsarena», som gjekk frå 2009-2010, tok dette arbeidet eit steg vidare, ved å nytte dei same pedagogiske prinsippa, med garden som utdanningsarena, inn mot naturbruksutdanningen i programfag for Vg1.


Rapport

Prosjektet starta med ein konkret førespurnad til Seksjon for læring og lærerutdanning i januar 2009 omkring videreutviklinga av praktikantseminara som Biologisk-dynamisk Forening i Noreg har arrangert. I eit nært samarbeid med Foldsæ Utdanningssenter og Sogn jord- og hagebruksskule vart det utforma ein søknad om midler frå KiL (Kompetanseutviklingsmidler i landbruket), som vart innvilga våren 2009.

Det vart i prosjektperioden holdt i alt 3 fagseminar der ei faggruppe beståande av bønder, naturbrukslærarar og lærarutdannarar arbeidde med å gje eit slikt gårdsbasert programfag ei idèmessig ramme, eit fagleg innhald, ei læreplanmessig forankring og form, ein praktisk organiseringsstruktur og ei juridisk/økonomisk avtaleform.

Rapporten kan du lese her.