Biologisk-dynamisk Forening arbeider i desse dagar med å utforme ein ny, oppdatert Strategi- og handlingsplan for 2013-2016. Denne planen skal godkjennast på årsmøtet i Biologisk-dynamisk Forening 3.mars.
Strategi- og handlingsplan for Biologisk-dynamisk Forening skal danne grunnlaget for dei oppgåvene foreninga vedtar å arbeide med. Den er ei reiskap for å vidareutvikle forenings sitt arbeid med å skape ein livskraftig jordbrukskultur som er økologisk ansvarleg, ivaretar og fremjer naturens mangfald og gir morgondagens menneskjer ernæring av høg kvalitet.
Planen skal gje Biologisk-dynamisk Forening ein tydeleg profil både innad og utad, og danne grunnlaget for arbeidet med å finansiere organisasjonen.
Eit felles dokument – eit felles mål
Vi ønskjer at medlemmane i foreninga skal oppfatte planen som eit felles dokument som ein har eigarskap og ansvar for, og medvit om. Derfor oppfordrer vil alle medlemmar til å kome med innspel til planen slik den ser ut i dag, så vi saman kan ha tydelege og felles mål. Vi ønskjer også å høyre om dine ønskjer og forventingar frå Biologisk-dynamisk Forening.
Den noverande planen, vedtatt på årsmøtet i 2008, inneheld fire delar:
– JORDBRUKET
– UNGDOM
– INFORMASJON
– FORSKING
For å lese Strategi- og handlingsplan 2008-2012, gå inn på denne lenka: Strategi- og handlingsplan 2008-2012 – PDF
Har du innspel, send desse gjerne til dagleg leiar Idun Leinaas pr e-post: idun.leinaas@biodynamisk.no, eller pr brev til:
Biologisk-dynamisk Forening
Engebrets vei 3
0275 Oslo
Vi takker for ditt engasjement!