Saltå Kvarn premierer miljøinnsats


Saltå Kvarn satsar no tydelegare på korn frå økologiske kretslaupsjordbruk. Dei legg no opp til eit poengsystem for miljøtiltak på gardane og vil betale ekstra for dette. Målet er å oppnå maksimal miljøgevinst.

Alle kornprodukt som Saltå Kvarn foredlar skal, i tillegg til å stamme frå økologisk landbruk, i størst mogleg grad vere eit produkt frå kretslaupsjordbruk med både dyr og korndyrking, noko som er eit viktig grunnprinsipp i biologisk-dynamisk jordbruk. Før var alle produkter frå Saltå Kvarn Demeter-godkjent, men på grunn av stor etterspørsel, har Saltå Kvarn valgt å gjere det frivillig for sine leverandørar å oppnå Demeter-sertifisering.  Dette inneber at kornprodukt som mjøl og brød ikkje blir Demetermerka. I stedet innfører Saltå Kvarn eit poengsystem der gardane kan velje mellom 130 frivillige, ekstra miljøtiltak som først og framst er knytt til å motverke klimaendringar og overgjødsling, samt at dei favoriserer gardar som arbeidar for eit biologisk mangfald. Dette er tiltak som Saltå Kvarn frå og med årets innhausting skal gje gardana ekstra betalt før.

– Vi kombinerar det besta frå det biodynamiske og økologiske jordbruket, og oppmuntrer gardane på ein konstruktiv måte å arbeide enda meir med miljøtiltak på garden, seier VD i Saltå Kvarn Johan Ununger.
Saltå Kvarn rekner ikkje med å minske eller auke totalkostnaden for kornet. Det handlar snarare om at det som foretaket tidlegare betalte ekstra for, no styrast direkte til innsatsar som får eit tydelegare miljøfokus.

– At Saltå Kvarn no vel å gå bort frå Demeter-merking av sine kornprodukt er synd. Men på same måte som i Noreg, er det ikkje stor nok produksjon av biodynamiske landbruksvarer i landet. I Noreg ser vi at bøndene som driv biodynamisk stort sett ikkje har utfordringar med å få seld varene. Det er no rundt 25 norske biodynamiske gardar, og Demetermerket er lite kjent. Biologisk-dynamisk Forening ønskjer å arbeide med å gjere forbrukarar medvitne om kva merket betyr, og arbeier no med å trykke opp informasjonsmateriell som mellom anna vil bli spreidd via helsekost og daglegvare. Fokus på kretsløpsjordbruk og premiering av miljøtiltak på gardane er viktig for å få med seg bøndene for å redusere miljøpåverkinga av landbruket. På sikt håper vi at dette også kan gjere at fleire bønder vel å satse på biodynamisk landbruk, seier dagleg leiar i Biologisk-dynamisk Forening Idun Leinaas.

Det fremste utgangspunktet for innkjøpet av korn til Saltå Kvarn blir, i tillegg til kriteria som ligg i KRAV, den økologiske kretsløpsgarden slik den definerast av EU-prosjektet BERAS. Det inneber mellom anna at garden skal ha både husdyrhald og korndyrking, og på denne måten i stor grad vere sjølvforsynt med fôr og gjødsel. Økologisk kretsløpjordbruk minsker overgjødsling og klimabelastningar dramatisk.

Saltå Kvarn vil halde fram med å verne dei biodynamiske gardane og biodynamisk dyrking av korn,  men det er i dag mangel på biodynamiske gardar og landbruksvarer som er framstilt biodynamisk. Innanfor andre produktkategoriar vil Saltå Kvarn framleis tilby Demetermerka produkt, som til dømes i vin, juice, nøter, tørka frukt med meir.

Du kan lese meir om arbeidet til Saltå Kvarn og deira arbeid med å redde Østersjøen her.