– Ei liberalisering av regelverket for sal av rå mjølk slik vi no foreslår, har vore ynskt av mange. Endringa vil vere positiv både for mjølkeprodusentar og for forbrukarar som ønskjer å handle mjølk direkte frå garden, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
Mattilsynet vil bli bede om å vurdere ei forskriftsendring som i større grad kan harmonisere norske reglar på dette området med det som gjeld i dei andre nordiske landa.
Helse- og omsorgsdepartementet har det faglege ansvaret for dette regelverket og vil utarbeide oppdragsbrev til Mattilsynet om forskriftsendringa.»