Omsetjing av rå mjølk på agendaen igjen

melkemøte
Smaksprøver på mjølk på mjølkemøte «Rå melk til salgs?» på Mathallen under ØKOUKA 2014.

Rå mjølk på agendaen

Omsetning av rå mjølk har blitt satt på agendaen igjen etter at mjølkebonden Gustaf Koot, samt andre mjølkebønder var anholdt av politiet for sal av mjølk som ikkje har blitt varmebehandla.

Landbruket ønskjer endring i regelverket

Saman med seks andre landbruksorganisasjonar har Biologisk-dynamisk Forening sendt ei oppmoding til Helse- og omsorgsdepartementet om å ta opp igjen arbeidet med regelverket knyt til omsetjing av rå mjølk. Etter at «Forskrift om nasjonale bestemmelser om krav til varmebehandling ved omsetning av melk og fløte beregnet på direkte konsum» var ute til høyring for om lag åtte år sidan, ligg saka framleis hjå Helse- og omsorgsdepartementet.

Tillatt med tilfeldig sal

Slik regelverket er i dag kan ein omsejte rå mjølk til konsum viss omsetjinga er av tilfeldig karakter. Trender blant forbrukarar samt eit ønskje frå fleire produsentar tydar på at det er på tide å revidere regelverket for å skape trygge og kontrollerbare rammer for omsetjing av upasteurisert mjølk.

Brev til HOD-råmelk som vart sendt frå Norges Bondelag, Norsk Bonde- og småbrukarlag, Oikos – Økologisk Norge, Slow Food Norge, Norsk Gardsost og Biologisk-dynamisk Forening.