Ledige plasser på Sogn Jord- og hagebruksskule!

KAN DU TENKJA DEG Å JOBBA INNAN ØKOLOGISK LANDBRUK ELLER BEREKRAFTIG
SAMFUNNSUTVIKLING? TA UTDANNING VED SOGN JORD- OG HAGEBRUKSSKULE.
FORTSATT NOKRE LEDIGE PLASSAR TIL HAUSTEN!

Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) er ein vidaregåande skule med elevar
frå heile landet i alle aldrar. Her finn du eit jordnært og sterkt
fagmiljø innan husdyr, grønsaker, frukt, foredling, garden som ressurs
og mykje meir. Det allsidige skulegardsbruket står sentralt i
undervisinga. Studieturar og praksisperiodar gir ekstra fagleg påfyll
og inspirasjon.

Skulen tilbyr Vg2 Landbruk og gartnarnæring, økologisk og Vg3
Landbruk, økologisk. Etter fullført utdanning blir du agronom i
økologisk landbruk. SJH tilbyr også ei høgare yrkesfagleg utdanning i
samarbeid med Hvam vgs. og Fagskolen Innlandet. Fagskuleutdanninga går
på deltid over to år og gir tittelen agroteknikar i økologisk
landbruk.

Studietilbod [1]

Filmsnuttar frå undervisinga [2]

Intervju med tidlegare elevar [3]

Ta kontakt for ein hyggeleg prat eller for å avtala besøk:

SJH@SFJ.NO / TLF. 57 63 71 00
Les meir på SJH.NO [4]
Følg skulen på FACEBOOK [5] og INSTAGRAM [6]