VELKOMEN til HAGE – WORKSHOP
Fredag 22. – søndag 24. mai.
Vi har i seinare år bygd eit ”Urtehagehus”. Dette er vår fleirbrukshall, – for musikk, utstillingar, foredrag, kurs osv. Vi merka at huset krev plass framfor seg, – for uteservering, sitteplassar osv.
Dette vart startpunket for omforming av den gamle urtehagen, og for ein ny hage framfor nybygget. Lars Krantz, kjent for Rosendal i Stockholm og Wij utanfor Gävle var på besøk ein sumar, og laga ein generalplan for oss – sjå skissen til venste. Denne fylgjer vi i store trekk, – mykje er gjort, men mange detaljar står igjen.
Difor har vi gleda av å invitere til ein ”workshop” med Michael Seddon, gartner og hagebrukslærar, som har arbeidt saman med Lars Krantz.
Workshopen vil bestå av tre delar:
– Foredrag og vandringar for informasjon og inspirasjon, ved Michael Seddon og Ola Aukrust
– Kreative økter med teikning og planlegging
– Praktisk arbeid med stein, grus og jord
Det er mogleg å vera med på delar av helga.
For meire detaljert informasjon, send ein e-post til aukr@online.no