Fredeleg jul

Det har vore eit spennande år for Biologisk-dynamisk Forening. Vi har mellom anna arrangert ystekurs og spedbarnsmatkurs, marknadar i Oslo med bønder som driv biodynamisk, kurs i både kjøtforedling og kretslaupsjordbruk på gardar, informasjonsstand på fleire matrelaterte tilstelningar, gardstur for kokkar og møte om sal av fersk mjølk under ØKOUKA, med meir. Fleire og fleire vert kjent med den biodynamiske matkvaliteten og landbruksformen og vi gler oss over auka omsetjning av biodynamiske landbruksvarer i ulike salskanalar.

Vi vil med dette takke alle gode samarbeidspartnarar som har gjort det mogleg for Biologisk-dynamisk Forening å halde fram arbeidet med å fremje eit beredyktig landbruk.

Med mykje inspirasjon og friske midlar til å arbeide vidare ser vi fram til eit nytt og innhaldsrikt år i 2015. Ny redaktør i Herba, Kristin Ma Ellefsen er allereie i gong med neste års fyrste Herba, og vi gler oss sjølvsagt til ny dagleg leiar, Dag Blakkisrud tiltrer i mars.

Måtte julatida verte fredeleg og smakfull.

Varme julehelsingar frå alle oss i Biologisk-Dynamisk Forening