Framtidas bønder samla i Oslo

 

 

 

 

 

 

Matproduksjon på naturens premiss
Over 40 menneskjer møtte opp på Den andre cafeen på Lilleborg i Oslo, då Biologisk-dynamisk Forening og Det andre forumet inviterte til ein dialog om unge bønder, om rekruttering, visjonar og realitetar. I tillegg til mange unge bønder, studentar, gartnarar, hagebrukarar, kom også nokre erfarne biodynamiske bønder frå Austlandsområdet. Etter ein presentasjon av Det andre forumet og Biologisk-dynamisk Forening, la fleire unge bønder fram sine visjonar for sitt arbeid med natur, planter, dyr og menneskjer. Korleis kan ein drive økonomisk berekraftig ved å produsere mat? Korleis kan ein produsere mjølk utan å presse dyra? Korleis kan vi dyrke grønsaker og ta vare på biologisk mangfald? Kva virkemiddel finst for å skape interesse for matproduksjon og vilje til å betale den reelle prisen for kvalitetsmat? Produksjon og marknad er avhengig av kvarandre, men er kanskje ikkje tett nok knytt saman.


Nærleik gjev kunnskap

Bønder og andre som jobbar med mat opplev ei manglande interesse for matproduksjon, frå frøet spirar til maten ligg på tallerkenen. Nærleik og gode opplevingar av landbruket gir kunnskap om matproduksjon og samanhengane i naturen, og vidare ei forståing av kva som krevjast for å produsere kvalitetsmat.
Korleis kan vi opprette kontakt mellom dei som produserar maten og dei som ikkje gjer det? Korleis kan vi redusere avstanden mellom jord og bord?


 

 

 

 

 

Forum og møteplassar
Nettverksbygging og informasjonsspreiing mellom gardar, og mellom gardar og menneskja som utgjer marknaden, vart også diskutert på møtet. Det kom fleire konkrete forslag til fokusområder vidare for dette initiativet, mellom anna oppretting av eit webbasert forum der ein kan diskutere konkrete spørsmål knytt til gardsdrifta, nettverk som arrangerer fysiske møter, samt utdanning/kurs og vegleiing.


Nordisk samarbeid

Arrangørane av møtet ønskjer å arbeide for å opprette eit nordisk samarbeid rundt den komande genereasjonen av biodynamiske og økologiske bønder. Møtet på Lilleborg fungerte som ei kartlegging for kva ønskjer og behov som finst, og vi starter no! I løpet av 2012 ønskjer vi å etablere ein plattform der vi kan engasjere, lære og utvikle kvarandre. Bonden står i fokus, men vi treng også eit tverrfagleg samarbeid med menneskjer på andre arenaer.


Ny samling i juni

Med gode samtalar og diskusjonar saman med herleg mat, basert på råvarer frå mellom anna Ommang Søndre og Fokhol Gård, vart mange nye frø sådd. Ei ny samling planleggast allereie 14,.-17.juni på den biodynamiske garden Fokhol Gård på Stange, Hedmark. Her vil ein ta vidare fleire av dei tema som vart tatt opp på møtet på Lilleborg. Det vil vere mogleg å vere med ein dag eller fleire, då det vil bli ulike temadagar.
For dei som ikkje kan vente så lenge, vil det vere eit nytt Det andre forum 2.juni, om økologisk økonomi og social banking. Dette møtet vil foregå på engelsk.


Saka er basert på artikkel publisert hjå Oikos. Klikk her for å lese artikkelen publisert av Helene Austvoll/ Oikos – Økologisk Norge.