Framleis ledige plassar på Sogn Jord- og hagebruksskule

 

 

Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) er ein vidaregåande skule som underviser i økologisk landbruk. Gardsbruket ved skulen er det viktigaste klasserommet, og heile garden er økologisk driven.

Tilbod for skuleåret 2012/2013:
– Vg2 Landbruk og gartnernæring, økologisk . Nasjonal læreplan for programfaga på Vg2 her.
– Vg3 Landbruk, økologisk. Nasjonal læreplan for programfaga på Vg2 her.

Alle læreplanmål er tilpassa økologisk landbruk.  Du kan lesa meir om dei ulike programområda på vilbli.no

SJH tilbyr ikkje Vg1 Naturbruk. Dette må elevane ta på ein annan skule fyrst eller dei må ha tilsvarande kompetanse.
Skulen er landsline, og det vil seia at elevar frå heile landet har same rett til elevplass ved skulen. Ofte er det også utanlandske elevar ved skulen.

Den sentrale opplæringsarenaen er eit allsidig skulegardsbruk med økologisk drift. Mykje av undervisinga er difor lagt opp som praktisk arbeid på garden. Øvingane er lagt opp slik at elevane får praktisk erfaring med gardsdrift gjennom heile året og slik at skulegardsdrifta skal gå i hop. Til dømes har elevane faste turnusar med stell av husdyra: kyr, geiter, sau og hestar. Om våren er det rundar med lammevakter i sauehuset. Ein del av husdyrstellet kjem utanom vanleg skuletid.

Klikk her for å kome til søknadsskjemaet

Sogn Jord- og hagebruksskule
Dette er ein film om skulen og noko av det ein opplev gjennom sommarhalvåret som elev. Opptaka er frå tverrfagleg eksamen for Vg2 og under sommerkurset 2012. Gjennomsnittsalderen bruker å ligge på 24 år og dette er ei landsline. Det vil seie at ein kan søke frå heile landet. Ta gjerne ein telefon eller kom innom og ta ein prat på SJH i Aurland. Skulen vil setje stor pris for å få spørsmål frå deg!