Dansk Helios slutter å distribuere biodynamiske matvarer

 

 

 

 

Dansk Helios har sidan 1974 vore ein av Danmarks ledande distributørar av økologiske og biodynamiske produkt. No har dei bestemt seg for å kun satse på naturlege hudpleieprodukt, samt vaske- og reingjeringsmidler.

Stor suksess med naturleg hudpleie
Gjennom dei siste åra har interessa for naturleg hudpleie blandt forbrukarar i Danmark stige, og Dansk Helios har hatt stor suksess med sine naturlege hudpleieprodukt. Dei har etter kvart utgjort ein stor del av omsettinga i Helios, og dei har derfor bestemt seg for å konsentrere seg om desse produkta.

– Vi har i dag ein unik posisjon og spesialkompetanse innanfor hudpleie, noko vi har ambisjonar om å styrke ytterlegare, uttaler dagleg leiar Martin Kondrup i pressemeldinga sendt ut måndag 20.febr.

For å halde fast på, og utvikle sin posisjon som Danmarks leiande distributør av naturlege hudpleieprodukt, stoppar dei no distribusjon av matvarer.

Dansk Helios vil framleis fungere som eit “Erhvervsdrivende Fond”, med dei same biodynamiske og holistiske verdiane som før.
– Vi vil framleis ha som mål å støtte initiativ som fremjer dyrking og foredling av biodynamiske matvarer, og arbeide for ei auka forståing for biodynamisk jordbruk, seier Kondrup.

Andre omsettingskanalar for biodynamiske matvarer
– At Dansk Helios no vel å gå bort frå biodynamiske matvarer, er veldig synd, både for bøndene og forbrukarane. Dansk Helios vart starta opp av ei gruppe av biodynamiske bønder og forbrukarar, med ønskje om å foredle og selje biodynamiske matvarer og andre kvalitetsprodukt. Vi håper at dei har ein god dialog med dei bøndene og foredlingsbedriftene dei tidlegare har nytta, og at dei saman arbeider for å finne andre omsettingskanalar for desse, seier Idun Leinaas, dagleg leiar i Biologisk-dynamisk Forening i Noreg.