Biodynamisk vinsmaking 28.august i Oslo

Return to Terroir Vinsmaking 2012

Etter eit første besøk i 2007, vil gruppa av biodynamiske vinprodusentar “Renaissance des Appellations” kome tilbake til Noreg for å halde ei stor vinsmaking i Oslo. 54 dyktige produsentar er med, og fleire europeiske land er representert.

La Renaissance des Appellations, The Wine Tempter og Biologisk- dynamisk Forening er stolte over å kunne invitere deg til vinsmaking på Månefisken i Oslo, 28.august kl. 16:00-19:00.

Program

I løpet av dagen vil det også bli arrangert debatter og foredrag om biodynamisk vindyrking og landbruk:

11:00 – Vinsmakinga opner for profesjonelle og presse
11:30-12:30 – “Authentivity of taste and biodynamics”, Nicolas Joly, vinprodusent i Loire
12:45-13:45 – “De biodynamiske preparatene og deres virkning”, Eric Brinkhof, styreleiar Biologisk-dynamisk Forening og bonde på Ramme Gaard, Hvitsten
14:00-15:00 – “Influence of bio-dynamic viticulture on soil, vines and wines”, Olivier Humbrecht MW, vinprodusent i Alsace
15:15-16:15 – “Økologisk kretsløpsjordbruk”, Johan Ununger, VD Saltå Kvarn

16:00 – Vinsmakinga opner for alle
16:30-17:30 – De biodynamiske preparatene og deres virkning”, Eric Brinkhof, styreleiar Biologisk-dynamisk Forening og bonde på Ramme Gaard, Hvitsten

19:00 – Vinsmakinga stenger
Vi ønskjer deg velkomen til ei unik moglegheit for å lære meir om biodynamisk vin og landbruk og møte nokre av dei beste representantane for biodynamisk vinproduksjon i verda.For påmelding, følg denne lenka.