Alliansen ny landbrukspolitikk aksjonerte mot landbruksmeldinga

Den store mjølkekartongen med påskrifta «Tine-melk på soya fra Brasil» vart overlevert Ane H. Kismul, rådgjevar for landbruks — og matminister Lars Peder Brekk, utanfor Stortinget i formiddag. Kartongen er meint som ein protest mot stortingsmeldinga om landbruks- og matpolitikken, som vert behandla i Stortinget torsdag.

Følg stortingsdebatten direkte

Alliansen ny landbrukspolitikk, som består Norsk Bonde- og Småbrukarlags ungdomsutvalg, Latin-Amerikagruppenne, Grønn Ungdom, Rød Ungdom, Sosialistisk Ungdom, Natur og Ungdom, Attac Norge, Norges Bygdeungdomslag, Spire, Biologisk-dynamisk forening og Oikos Økologisk Norge, oppfordrar rauddgrøne politikarar til å stemme for KrF sine forslag til endringar i landbrukspolitikken.

Krever snuoperasjon i landbrukspolitikken

Torsdag vert stortingsmeldinga om landbruks- og matpolitikken behandla i Stortinget. Alliansen ny landbrukspolitikk meiner regjeringspartia sitt utkast ikkje gir svar på noko av utfordringane i landbruket. Dei oppfordrar raudgrøne politikarar til å bryte ut, og stemme for KrF sine forslag til endringar.

– Med dagens politikk har over halvparten av landets gardsbruk blitt lagt ned sidan 1999. Samtidig baserer stadig meir av norsk matproduksjon seg på areal i utlandet. Det gjer oss bekymra for framtida til norsk landbruk, seier Øyvind Aukrust i Natur og Ungdom, som er leiar for Alliansen.

Under Stortingets Næringskomité si behandling krevde KrF konkrete virkemiddel for å auke matproduksjonen basert på norske ressursar, og at Regjeringa legg ein plan for korleis inntektsgapet mellom bønder og andre grupper skal reduserast. I tilleg kom kravet om eit vernehjemmel for matjord.

– KrF har krevd at vegen til måla skal utdjupast. Det er ein høgst nødvendig start på snuoperasjonen som må til i landbrukspolitikken. KrF seier riktignok lite om kva planane skal innehalde, men ved å nekte å gå med på deira enkle krav, viser Regjeringa at dei har kapitulert, sier Aukrust.

Dagens politikk gjer Noreg stadig meir avhengig av landbruk i andre land, som mange stader vert ramma av mellom anna tørke og flom som følgje av klimaendringane. Halvparten av maten vår og stadig meir av fôret blir importert. Frå 1990 til 2008 vart Noregs fulldyrka areal redusert med 400 000 dekar, som tilsvarer 50 000 fotballbaner. På 20 år, frå 1989 til 2008, auka kjøtproduksjonen med 56 prosent. Fordi vi produserer stadig meir kjøt, samtidig som matjord byggast ned og jordbruket sentraliserast, aukar importen av fôr. Det siste tiåret har importen av kraftfôr auka omkring ein prosent per år.

– Det mest konkrete som står om korleis matproduksjonen skal aukast, er at aukinga kan skje basert på importerte ressurser. Om produksjonen aukar primært ved hjelp av importert fôr, undergraver det legitimiteten til landbrukets. Når produksjonsgrunnlaget vert importert, kan vi jo like gjerne importere ferdig mat. For matforsyning i verda, og miljøet, går det for det same om vi importerer kylling eller kyllingfôr, påpeikr Aukrust.

Alliansen meiner blant annet også at en høyere pris på kraftfôr, kombinert med styrka tollvern og høyere målpriser for råvarer fra landbruket, vil være avgjørende for å stimulere til økt bruk av norske arealressurser. De kan ikke se at regjeringspartienes virkemidler legger opp til en slik kursendring som etter deres mening trengs.

Ane H. Kismul i Landbruks- og matdepartementet seier ho er glad for engasjementet til Alliansen ny landbrukspolitikk.

– Eg tykkjer det er kjempebra at så mange organisasjonar er opptatt av norsk landbruk og ønskjer å videreutvikle landbruket, seier ho til nationen.no.

Reagerer på reaksjon

Grasrotopprøret i Senterpartiet mot landbruksmeldingen har skapt reaksjonar i den sentrale partiledelsen.

Sp-leder Liv Signe Navarsete sier oppropet mot landbruksmeldinga kan føre til at Sp blir svekket, mens KrF blir løftet fram som det mest landbruksvennlige partiet.

Øyvind Aukrust i Alliansen ny landbrukspolitikk tykkjer reaksjonen er merkeleg.

— Eg tykkjer det er merkeleg at dei slår så hardt ned på dette opprøret. Det er ein demokratisk rett å få seie frå om det ein meiner er feil.

Til det svarer Ane H. Kismul at landbruksministeren har diskutert meldinga med «tusenvis av folk og på gjentatte folkemøter landet over».

— Vi har hatt en sjelden brei prosess, både før vi skreiv meldinga og etterpå. Vi har verkelig gitt moglegheit for ein åpen og brei debatt.

—  Menier du at Alliansen ny landbrukspolitikk og dei som støtter Sp-opprøret mot meldinga ikkje har noko å bekymre seg for?

— Alle som har eit hjerte for norsk landbruk, må engasjere seg for norsk landbruk. At mange i Senterpartiet er glødande engasjert i landbruket, bør knapt overraske nokon. Vi ønskjer at alle gode krefter byggjer opp under dei moglegheitene som ligg i norsk landbruk.

Saka er klippa og redigert frå http://www.nationen.no/2012/04/12/landbruk/mat/matproduksjon/matmakt/landbrukspolitikk/7363921/