Anne Leinaas og Morten Bjerkvik kjøpte Uksum Gard i Vestre Gausdal i 2007, og starta omlegginga til økologisk drift. Garden er Debio-godkjent og har vært Demeter-godkjent siden 2010. Til garden høyrer 120 mål innmark og 1900 mål skog.
På Uksum Gard har dei 15 kyr av rasane Vestlandsk Fjordfe og Dølafe. På sommaren er dyra til seters. I tillegg til kyr, har dei også høns, hovudsakleg jærhøns, som gir nydelege egg. Poteter og grønsaker er med i skifteplanen. Dei arbeider også mykje med beiterydding på gamlemåten, utan store skogsmaskiner. Dei hauster det som er, ved og tømmer, og på denne måten skåner dei skogsbotnen.
På Uksum finner du også sau av rasen Gamalnorsk spælsau.
Ved sida av å drive garden biodynamisk, er dei opptekne av å ta vare på gamle husdyrraser. Dei ser på dette som ein verdi for framtida, og dyra er flinke til å tilpasse seg utmark. Anne og Morten ønskjer å gjere jorda meir fruktbar, og byggje opp besetningar av husdyr som har instinkt og å gje dei moglegheit til å leve dei ut.
Både poteter, grønsaker og egg vert seld direkte frå garden til både privatforbrukarar og restaurantar. Mjølka vert levert til meieri. Dei har også ein skomakarverkstad på garden som er organisert som eit familiebruk.
Gården har blitt portrettert i Gudbrandsdølen -les mer her: Uksum gård i GD 13.09.2014
Kontaktinformasjon:
Morten Bjerkvik: 951 51 067
Anne Leinaas: 995 88 099
Nettside: www.uksumgard.no
E-post: morten@uksumgard.no, anne@uksumgard.no